George Osodi Oil Rich N&N
I «Oil Rich N&N» samanliknar den nigerianske fotografen George Osodi den norske oljeindustrien med Nigerias. Han er opptatt av kvardagslivet der oljeproduksjonen går føre seg. Hans dokumentasjon av det oljerike deltaet sør i Nigeria har ført til eit omfattande verk som tek for seg dei ekstreme forholda i regionen, både samfunns- og miljømessig Den aukande uviljen mot oljeindustrien og statstilsette har gitt klar bane for væpna militia som ikkje nøler med å bruke vald for å forsvare sine rettar. Fotografia frå Noreg vart gjort under opphald i Stavanger, Oslo og Lofoten i 2008. Fargebileta medverkar til eit ekstra lag verkelegheit og gjer fotografia nærverande. Osodi er ikkje ute etter å sjokkere, men legg heller til rette for at publikum kan gjere seg opp si eiga meining. Verket inngjekk i utstillinga «Hypocricy: The site specificity of morality», som vart vist ved Nasjonalmuseet (Museet for samtidskunst) våren 2009
Turne avsluttet desember 2012
Info
Størrelse
- Romlige krav: 25 m2
- Tid opprigg: en halv dag
- Tid nedrigg: en halv dag
Kostnader:
3500 kr inkl. moms
Last ned alle dokumenter og bilder knyttet til produksjonen.Kontakt:
- Helga Gravermoen
- Tlf: 21982241/93063714
- Epost: helga.gravermoen@nasjonalmuseet.no
Kategori:
samtidskunst