Norwegian wood
– eit laboratorium. Miljøvenleg trearkitektur for framtida. Prosjektet er den største satsinga på miljøvenleg, framtidsretta arkitektur i Noreg nokosinne. Norwegian Wood var eit av dei største prosjekta i Stavanger 2008-europeisk kulturhovedstad. Stavanger er Europas største trehusby, og Norwegian Wood vidareutvikla denne tradisjonen ved å byggje 14 nyskapande byggjeprosjekt med framtidsretta, nyskapande og miljøvenleg trearkitektur. Alle byggjeprosjekta er underlagt kriterium der dei skal vise fram lågt energiforbruk, designprinsipp for universell utforming og der dei tek i bruk miljøvenlege materiale og nye byggjesystem i tre. Framtidsretta og gode løysingar krev nytenking. Norwegian Wood-prosjektet og -utstillinga fungerer difor som laboratorium og læringsarena for alle involverte; arkitektar, handverkarar, utbyggjarar, rådgivarar, kommuner osb. I forkant av utbyggjinga har det difor blitt arrangert internasjonale arkitekturkonkurransar, seminar og tverrfaglege workshops med dei fremste ekspertane i Noreg og Europa. Utstillinga er eit samarbeid mellom NAL | Ecobox, Norwegian Wood og Nasjonalmuseet. Meir informasjon om Norwegian Wood hos Norske Arkitekters Landsforbund
Norwegian wood avsluttet turnéen våren 2012.
Info
Materiell:
Last ned alle dokumenter og bilder knyttet til produksjonen.Kontakt:
- Helga Gravermoen
- Tlf: 93063714
- Epost: helga.gravermoen@nasjonalmuseet.no
Kategori:
arkitektur