Cities of the World – videokunst frå Teheran

Korleis påverkar globaliseringa kunsten i ulike land og byar? Mistar vi noko av det særeigne når kunstmarknaden vert internasjonal? Gjennom serien av videopgram undersøkjer Atopia det særeigne ved kunsten i ulike storbyar i verda. Kunstforeiningane får no tilbod om å vise videoprogrammet frå Teheran.

For å undersøkje korleis vi vert påverka av kvar vi bur, og korleis staden og kulturen har innverknad på kunsten, har Atopia sett i gong ein serie med videoprogram frå ulike storbyar i verda. Målet er at prosjekta skal skape forståing for dei særtrekka ved kunsten som er avhengig av kvar i verda kunstproduksjonen har sitt opphav.

 

Serien Cities of the World kan sjåast som eit råmateriale for ei undersøking av forholdet mellom stad og persepsjon, og dei geopolitiske aspekta ved kunsten.

 

MANGEFASETTERT SAMTIDSBILETE AV TEHERAN

Første by ut i serien med videoprogram er Teheran. Den New York-baserte litauiske kuratoren Sandra Skurvida har stått for utveljinga av videoverka til iranske kunstnarar. Kunsten frå Teheran vert dermed filtrert av eit utanfor-blikk i fleire lag.

 

Ifølgje kurator Sandra Skurvida står iranske videokunstnarar langt friare enn spelefilmregissørar i val av tema, innspelingsstad og verkemiddel. Grunna det politiske regimet i Iran er det strenge reglar for kva ytringar og handlingar som er tolererte i det offentlege rom. Dette gjer at kunsten ofte trekkjer seg vekk frå det offentlege. Når kunsten ikkje vert vist for eit stort publikum, vert det lettare å omgå sensuren.

 

– Som eit resultat av restriksjonane vender ofte kunsten seg innover, til visingsstader i det private rom, der ein er fri frå overvaking. Det finst likevel kunstnarar som tek kunsten ut i det offentlege rom, og gjennomfører performancar og intervensjonar, og slik aktivt trassar forboda.

 

Når kunstnarar bryt dei strenge reguleringane av det offentlege rom, og tilfører sin personlege synsvinkel, kan dei potensielt vere med på å endre desse reglane, meiner Skurvida. Dei utvalde videoane frå Teheran tek mellom anna opp tema som kunstnarisk sensur, forureining, ulovlege kunstnariske intervensjonar og farane ved offentleg transport for kvinner. Videoverka gjev eit mangefasettert samtidsbilete av Teheran, sett frå kunstnarane sin subjektive ståstad.

 

– Kunstnarar konstruerer biletbruken sin av fragment og bitar med informasjon, gjennom utval og samanstilling; slik vi som publikum legg til våre eigne tolkingar og erfaringar og dermed omskaper verket.

 

Skurvida nemner spesielt Kamran Shirdel sine dokumentarfilmar frå perioden 1965–1980 som ein filmatisk innfallsport til programmet, som gjev både historisk og stilistisk gjenklang i dagens videoproduksjon. Shirdel kritiserte sosiale problem som fattigdom, analfabetisme, prostitusjon og slaveri, og dokumentarane hans vart forbodne og lovleggjort alt etter kva som passa det til eit kvar tid sitjande regimet. Desse svingingane av relevans og kva som er tillate i eit skiftande politisk klima, meiner Skurvida set eit historisk eksempel for sosialt engasjerte kunstnarar som arbeider i Iran i dag.

 

I eit samarbeid med Atopia tilbyr Norske Kunstforeninger kunstforeiningane å vise Cities of the World. På kvar utstillingsstad vil videokunstnar og prosjektleiar i Atopia, Farhad Kalantary, halde ein 20 minutt lang introduksjon. I etterkant av introduksjonen vil det verte opna for spørsmål frå publikum.

 

 
KUNSTNARAR OG VERK

  • Shirin Mozaffari: Someone Else’s Project / 4:39 min. / 2012
  • Jinoos Taghizadeh: For Forough / 6:48 min. / 2004
  • Negar Tahsili: Wee-men or Women?! / 26:00 min. / 2008
  • Neda Razavipour og Rambod Vala: Hushhh! / 1:05 min. / 2011
  • Simin Keramati: Tehran 2011 / 0:51 min. / 2011
  • Tehran 2010 / 2:56 min. / 2010
  • Rosita Sharafjahan: Hurrah / 3:51 min. / 2006
  • Neda Zarfsaz: Zoom-in / 5:58 min. / 2010

 

Programserien Cities of the World er produsert av Atopia, som er eit kunstnardrive galleri og senter for eksperimentell film og videokunst.

Facebook Twitter Email
2023»
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember
«2024»
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember
«2025»
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember
«2026»
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember
«2027»
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember
«2028»
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember
«2029
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember
Stillbilete frå Tehran 2010, Simin Keramati

Stillbilete frå Tehran 2010, Simin Keramati

Stillbilete frå Someone Else's Project, 2012, Shirin Mozaffari

Stillbilete frå Someone Else's Project, 2012, Shirin Mozaffari

Stillbilete frå Wee-men or Women?!, 2008, Negar Tahsili

Stillbilete frå Wee-men or Women?!, 2008, Negar Tahsili

Stillbilete frå Hushhh!, 2011, Neda Razavipour og Rambod Vala

Stillbilete frå Hushhh!, 2011, Neda Razavipour og Rambod Vala

Stillbilete frå Hurrah, 2006, Rosita Sharafjahan

Stillbilete frå Hurrah, 2006, Rosita Sharafjahan

Stillbilete frå For Forough, 2004, Jinoos Taghizadeh

Stillbilete frå For Forough, 2004, Jinoos Taghizadeh

Stillbilete frå Zoom-in, 2010, Neda Zarfsaz

Stillbilete frå Zoom-in, 2010, Neda Zarfsaz

Info

Kostnader:

Det er kostnadsfritt for kunstforeiningane å motta videoprogrammet, og i tillegg vert utgifter for reise, opphald og honorar for Farhad Kalantary dekt.

Standardkrav:

Utstillinga er berre tilgjengeleg for kunstforeiningar/kunstlag som er medlem i Norske Kunstforeninger.

Last ned alle dokumenter og bilder knyttet til produksjonen.

Kontakt:

Kategori:


Produsent:

Norske Kunstforeninger

Rapportér

Printervennlig versjon