Gunvor Nervold Antonsen: Selvportrett uten briller

Gunvor Nervold Antonsen vart tildelt Norske Kunstforeningers Pris / Debutantprisen Høstutstillingen i 2010. I samarbeid med Norske Kunstforeninger har ho sett saman separatutstillinga Selvportrett uten briller, som skal visast i fem kusntforeningar.
Inspirasjonen til tittelen på utstillinga kjem frå ei tom ramme merka «Selvportrett med briller 1920», som Gunvor lenge har hatt ståande.
– Eg jobbar ikkje strategisk i kunsten. Eg er meir ein slik som går fem på. Som ein okse med raudklut framfor auga. I tillegg er eg veldig nærsynt. Og eg meiner ein må tore å måle utan briller. Våge å ta sjansar og la det stå til, miste kontrollen og rave rundt, køyre inn på ukjende veger og sjå kvar ein hamnar, seier Gunvor Nervold Antonsen.
Utstillinga vert ifølgje henne sjølv ei slags oppsummering, eller eit forsøk på å samle heile det kunstnariske universet hennar.
Gunvor Nervold Antonsen (f. 1974) er utdanna ved tekstilseksjonen ved Kunsthøgskolen i Bergen, noko som er tydeleg i det materielle, det fysiske og det taktile i kunsten hennar. Fleire av verka hennar tek utgangspunkt i motsetnader, antinomiar, og vore oppteken av positive og negative former. Ho blandar måleri med det tredimensjonale og det stofflege. Arbeida har lag på lag, med papir, stoff, oljemåling og spray.
TURNEPLAN
- Larvik Kunstforening 15.10.2011-06.11.2011
- Trondhjems Kunstforening 28.02.2012-25.03.2012
- Kristiansund Kunstforening 12.05.2012-03.06.2012
- Bodø Kunstforening 08.08.2012-02.09.2012
- Lillesand Kunstforening 06.-21.10.2012
Utstillinga er ikkje open for vanleg booking, men vert vist i desse fem utvalde kunstforeiningane.
Info
Størrelse
Kostnader:
Gratis for medlemmer i Norske Kunstforeninger.
Formidling:
Utstillingen er bare tilgjengelig for kunstforeninger/kunstlag som er medlem i Norske Kunstforeninger. Fraktkostnader tilfaller kunstforeningen, men utstillingen er prioritert innenfor Norske Kunstforeningers fraktstøtteordning.
Kontakt:
- Anne-Grethe Thoresen
- Tlf: 22 42 20 35
- Epost: anne-grethe.thoresen@kunstforeninger.no
Målgruppe:
Kategori:
samtidskunst
Produsent:
Norske Kunstforeninger
Nettside:
https://vandreutstillinger.nasjonalmuseet.no/produksjon/gunvor-nervold-antonsen-selvportrett-uten-briller
Blå, Gunvor Nervold Antonsen

Barovessjan, Gunvor Nervold Antonsen

Rom sjø, Gunvor Nervold Antonsen

Hva Bruno vet, Gunvor Nervold Antonsen

Jivakrus, Gunvor nervold Antonsen

Uten tittel (Kvenneknurren), Gunvor Nervold Antonsen

Karjol, Gunvor Nervold Antonsen

Selvportrett uten briller, Gunvor Nervold Antonsen