Videoprogram frå Høstutstillingen

Videoprogram frå Høstutstillingen
Videoprogrammet frå Høstutstillingen er eit unikt høve til å sjå kva som røyver seg i det multimediale kunstlandskapet. Høstutstillingens videoprogram viser aktuell norsk videokunst, og har eit mangfaldig uttrykk og innhald.

 

I år spenner videoprogrammet frå humoristiske samfunnskommentarar til det mytologiske og fantastiske. Korleis vi kommuniserer og uttrykkjer oss i ei tid med stadig flere moglegheiter gjennom digitale media, opptek fleire av kunstnatane. Felles for videoane i dette elles svært varierte programmet, er likevel at dei speglar vår eiga tid.

Statens Kunstutstilling – Høstutstillingen er den største scena for samtidskunst i Noreg. Utstillinga er omdiskutert og ein magnet for kunstnarar, kritikarar og publikum. I 2013 var det 2300 søkjarar, og totalt vart 95 kunstnarar/kunstnargrupper valde ut til å delta.

Dei siste åra har Høstutstillingen vist videoprogrammet på utvalde stader i Noreg, parallelt med utstillinga i Oslo. I år ynskte dei at endå fleire skulle få moglegheit til å vise programmet, og i samarbeid med Norske Kunstforeninger vart difor programmet tilbydd kunstforeiningar og kunstlag.

Eit eige hefte med informasjon om kunstnarane og verka vil følgje videoprogrammet. Sju videoar er med i programmet, som har ei samla lengde på ca. 50 min.

Følgjande verk er med i videoprogrammet:

  • White Distance, Iselin Linstad Hauge
  • Skyvelære (while attempting to balance), Ellen Johanne Røed
  • Vampire Yeah, Anders Brenno
  • Förortskillen, Frode & Marcus
  • Ealli guođđá joavkkus – Et dyr forlater sin flokk, Egil Pedersen
  • Wasteland, Kaja Leijon
  • Magic Blood Machine, Ingrid Torvund

MEIR INFORMASJON: www.hostutstillingen.no

 

Dei 26 kunstforeiningane og kunstlaga som skal vise videoprogrammet er fordelt på 14 ulike fylke. Mange viser videoane samstundes med utstillinga i Oslo 14. september–13. oktober, men visingsperiodane fordeler seg utover heile hausten 2013 og våren 2014.

Utstillinga vert vist i:
Alta Kunstforening
Bærum Kunstforening
Bømlo Kunstlag
Elverum Kunstforening
Gjøvik Kunstforening
Halden Kunstforening
Hammerfest Kunstforening
Høyanger Kunstlag
Kjøllefjord Kunstforening
Levanger Kunstforening
Luster Kunstlag
Narvik Kunstforening
Neadalen Kunstforening
Nesodden Kunstforening
Orkdal Kunstforening
Ski Kunstforening
Skiens Kunstforening
Sortland Kunstforening
Steinkjer Kunstforening
Suldal Kunstlag
Svelgen Kunstlag
Søgne Kunstlag
Tingvoll Kunstlag
Toten Kunstforening
Vestvågøy Kunstforening
Voss Kunstlag
 
Visingane i kunstforeiningane/kunstlaga er eit samarbeid mellom Høstutstillingen og Norske Kunstforeninger.

Utstillinga er fullbooka.
Facebook Twitter Email
2018»
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember
«2019»
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember
«2020»
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember
«2021»
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember
«2022»
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember
«2023»
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember
«2024
JanuaryFebruaryMarchApril
MayJuneJulyAugust
SeptemberOctoberNovemberDecember

Info

Størrelse

Kostnader:

Gratis for medlemmer i Norske Kunstforeninger

Formidling:

Utstillingen er bare tilgjengelig for kunstforeninger/kunstlag som er medlem i Norske Kunstforeninger.

Kontakt:

  • Malin Olivia Dahlberg
  • Tlf: 22 42 20 35
  • Epost: malin.dahlberg@kunstforeninger.no

Målgruppe:

Kategori:

samtidskunst

Produsent:

Norske Kunstforeninger

Nettside:

http://vandreutstillinger.nasjonalmuseet.no/produksjon/videoprogram-fra-hostutstillingen

Videoprogram frå Høstutstillingen

Ealli guođđá joavkkus – Et dyr forlater sin flokk, Egil Pedersen

Videoprogram frå Høstutstillingen

White Distance, Iselin Linstad Hauge

Videoprogram frå Høstutstillingen

Magic Blood Machine, Ingrid Torvund

Videoprogram frå Høstutstillingen

Wasteland, Kaja Leijon

Videoprogram frå Høstutstillingen

Förortskillen, Frode & Marcus

Videoprogram frå Høstutstillingen

Vampire Yeah, Anders Brenno

Videoprogram frå Høstutstillingen

Skyvelære (while attempting to balance), Ellen Johanne Røed